5efe574db038864dd9199338_Hellandsnuten

Gi deg sjølv litt Suldalmagi i sommar

Legg igjen kvardagen heime og oppsøk eit skattkammer av naturopplevingar i sommar. La heile familien kjenne gleda av å væra ute, få meistringskjensle og tid til kvarandre ved å reise på ei annleis sommarferie i år. Og skal ein først prøve noko nytt, velg eit reisemål som er så rikt på opplevingar at sjansen for suksess er garantert. Me har samla reisetipsa som vil fylle rekreasjonstanken for resten av året, og litt til. Her er oppskrifta.

1. Kom deg til Suldal

Du har kanskje allereie skjønt det, me ynskjer å dele skattkammeret Suldal med deg i sommar. Midt mellom Preikestolen og Trolltunga ligg nemleg naturopplevingane som perler på snor, kledeleg akkompagnert av eit aktivitets- og overnattingstilbod som verkeleg set krona på verket.

Og det første du må gjera er altså å koma deg hit.

2. Start som fjellgeit

Suldal er kjend for brutale kontrastar med høge fjell og djupe fjordar, og det tek deg berre 30 minutt frå fjorden til høgfjellet. Det er lagt opp ei mengde flotte toppturar, rundturar og rolegare rusleruter for alle nivå, med utsikt over fjord og fjell som løn når ein kjem til toppen. Vassdalseggji er den høgaste toppen i Rogaland med sine 1658 moh, og ligg på kommunegrensa mellomSuldal og Vinje. Dei neste fem toppane på liste finn ligg også i Suldal, og ersom følgjer: Kistenuten (1674 moh), Trollaskeinuten (1622 moh), Johnsnuten(1616 moh), Ikastenuten (1607 moh) og Snønuten (1607).

Turane kan gjennomførast som kortare utflukter medan du bur på hotellperler som Ryfylke Fjordhotel og Energihotellet, Nesflaten, eller du kan ta naturopplevinga heilt ut og legge av fleire dagar i friluft. For sistnemnde rommar Suldal eit eldorado av overnattingstilbod på tradisjonsrike hyttetun eller avslappa campingplassar. Ei anbefaling er å ta rundturen gjennom eit rikt nettverk av turisthytter, ei rekke flotte turetappar med ulike rasteplassar, fiskevatn og badeplassar på vegen. Bleskestadmoen er Stavanger turistforenings eldste turisthytte og Jonstøl vann byggepris i 2015 for si moderne og innovative storstue.

Strandalen er den mest populære turisthytta i området, og blir ofte kalla «Perla i Ryfylkeheimen». Kvar torsdag serverer dei rykande fersk komle, og det er svært populært.

FOTO: MARIUS VERVIK

3. Bli «nutfant»

Skal ein først bli fjellgeit i løpet av ferien, så kan ein gjera det skikkeleg. Det går stor ære blant fastbuande å sikre seg «nutfant»-tittelen i løpet av sesongen, ei status ein kan smykkje seg med om ein kjem seg opp seks utvalde fjelltoppar i Suldal, og skriv namnet sitt i boka på toppen. Opplevingane som følgjer med er enorme. Frå Hellandsnuten får du utsikt over sju fjordar, medan ein på Napen føler at ein er på verdas tak. Onglanuten er ein familievenleg tur som både vaksne og born vil ha glede av.

FOTO: JARLE LUNDE /SULDAL FOTO

4. Legg ut på eit lakseeventyr – gjerne som laks

Suldal er heim til to lakseelvar og ei heilt eiga laksestamme Salmo Suldal. Langs elvane finn ein ei rekke flotte hotell og gardstun med fantastisk utsikt. Om ein allereie er frelst laksefiskar, eller aldri har halde tak i ei fiskestong sjølv tidlegare, så er eit lakseeventyr i Suldal ei oppleving dei fleste vil elska.

Fiskinga i seg sjølv er verdt turen. Kvart år kjem laksefiskarar frå heile verda til Suldal i håp om å fange storlaksen. Dersom ein er ny i elva vil vi anbefale å starte med guida fisketurar. Hjå Mo Laksegard , Mo feriehytter, Lindum Camping og Lågatun kan ein få high-end laksefiskepakkar og fiske med guide.

For dei som vil strekke opplevinga hakket lengre, kan ein no også få prøve seg som laks. Laksesafari er ei aldri så lita verdsnyhet kor Mo Laksegård har klart å lokke superstjerner frå heile verda til garden sin. Her får du på deg tørrdrakt og dykkarbriller før du går ut i elva og flyt nedover med straumen, nettopp som ein laks.

Kombiner gjerne laksesafarien med villmarkscamp, eit bad i vedfyrt stamp eller ein betre middag på Mo Laksegard.

FOTO: ANNE LISE NORHEIM

5. Tilbake til sivilisasjonen – no fortener du litt luksus

Få ting i verda kan måle seg med kjensla av å ha nådd ein fjelltopp, eller å ha nytt rike dagar – gjerne i fleirtal – med nye opplevingar ute i naturen. Ein skal likevel ikkje kimse av kjensla ein får ved å sjekke inn til herleg hotelluksus eller å senke kroppen ned i eit utandørs jaccuzzi, særleg eitt med utsikt over fjorden.

Skal luksusen vera komplett, treng ein påfyll av gode mat- og drikkeopplevingar. Suldal har mange spennande matkonsept, fleire av dei basert på lokale råvarer i sesong.

Foto: Lise Bjelland

6. Legg opp ein rusledag i sentrum og i lokalområdet

I sentrum kan du velje deg ut nokre skattar i lokalbutikken og hjå torghandlaren, eller du kan utfordre familien i klatreparken i Sand sentrum. Legg ein tur innom Noregs første laksestudio, ta ei historisk gatevandring gjennom strandstaden Sand, nyt ferske jelsajordbær eller andre lokale sesongvarer over disk.

Suldal har fleire museumsanlegg og kulturattraksjonar, mellom anna Museumstunet Kolbeinstveit, eit historisk sus tilbake i tid, eller Litunet som er blandt dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet.

Suldal tilbyr og grendesafari, rett og slett ein tur til kvar og ein av dei ulike grendene som knyt Suldal saman. Kan anbefalast!

For fullstendig sommarprogram frå Suldal og alle grendene våre, les her.

FOTO: RYFYLKE FOTOGRAFEN

7. Avslutt med eit iskaldt fjordbad

Suldal er ein kraftkommune med mykje vatn, , og ein har liksom ikkje heilt opplevd Suldal før ein har kasta seg ut i eit iskaldt fjordbad. Før du reiser heim anbefalar vi difor at du nyt siste dag på ei av mange badestrender.

Me gler oss til å sjå deg!

Utforsk mer
Norgeskart