5f0306c152143e56fcb1c563_Vågen-Siri

Kortreist familieidyll i Hjelmeland

Har du reiseruta for barnas sommarferie klar? Husk å leggje til Hjelmeland! Me er ein familiedestinasjon med vakre sandstrender, magisk eventyrskog, masse tilrettelagde sommaraktivitetar og deilig lokalprodusert mat og drikke. For dei litt større har me og Skomakernibbå- ei av landets aller fineste fjellformasjonar og utsiktspunkt.

Hjelmeland er verd turen basert på sitt vakre ytre åleine. Men, bak ei vakker fasade rommar kommunen flust i sprell og moro. Særleg tilrettelagd er Hjelmeland for barnefamilien, og for eventyrlystne fjellgeiter.

Quizløype – familievennleg versjon

Når barna først er i gong, la dei fortsette eventyret ved Riskedalsvatnet. I år har me laga familievennleg quizløype, ein kjekk tur der ungane skal kjenne på meistring undervegs. Hjelp gjerne barna med hint. For dei minste ungane held det om dei kan svare på kva dei ser på bileta. Alle som sender inn svar er med i trekning av flotte premier. Skattekartet finn du i postkassen ved Årdal Gamle Kyrkje og det er også her du parkerer for turen (langs Riksedalsvatnet).

RISKEDALSVATNET (ÅRDAL), ILLUSTRASJON: HILDE THOMSEN

Ei ytterligare quizløype finns ved Hjelmen. Denne turen er ikkje tilrettelagt for barnevogn, så her er bæremeis det beste alternativet. Turen til Hjelmen started ved parkeringsplassen til Hjelmeland Kyrkje, følg skiltinga mot Hjelmen der du også finn postkassen med kartet.

Trollsk skogsmagi

La oss starte i eventyrskogen, ei rein trimløype for sansane. Langs ein lysdempa og urørt skogssti ligg magiske eventyrfigurar plassert diskret rundt i terrenget. Stien har flust av overraskingar, og det er lagt opp grillplass, gapahuk, spiseplass og anna som bidrar til ei topp oppleving for små og store kroppar.

RISKEDALSVATNET (ÅRDAL), ILLUSTRASJON: HILDE THOMSEN

Badestrender

Er du badeløve og har du været med deg, er det få stader i landet som kan måle seg med Hjelmeland (dei aller tøffaste badar sjølvsagt heilt uavhengig av værmeldinga). Me har badeplasser for ein kvar smak, mellom anna sandstranda Kjelavika med eigen sandvolleyballbane, utegrill, sittegrupper og toalett. Sandstranda Sande er eit anna alternativ, midt i Hjelmeland sentrum og med kort avstand til kiosk, toalett og forretningar.

Du finn med andre ord badeplassar over alt i Hjelmeland. Enten du liker å kaste deg ut i sjøen eller i eit ferskvatn, finn du garantert ein badeplass kor heile familien vil trives.

Sommarmarknad med lokale smakar

Mat må ein ha, og i Hjelmeland har ein mogligheit til å nyte lokale råvarer av beste sort. Såpass må det vera. Landbruk og havbruk er store og viktige næringar i Hjelmeland med mange og varierte produksjonar, og på sommaren bugnar fleire av desse over av lekre råvarer. Visste du mellom anna at Hjelmeland er den største fruktkommunen i fylket? Lokale mat- og drikkeprodusentar.

SKIFTUN (JØSNESET), FOTO: SVANHILD HJORTELAND GBADA

I juli vil du kvar laurdag kunne oppleve pop-up sommarmarknad i Hjelmelandsvågen mellom klokka 14 og 16. Her blir mellom anna underhaldning, guida turar, framsyning av veteranbåten Lyngøy, moglegheit for fjordcruise og sal av diverse lokale produkt. Her treff du også vår kjekke turistvert som gjerne vil fortelje deg meir om alt du kan oppleve i Hjelmeland.

Skomakarnibbå

Ein kan knapt seie at ein har vore i Hjelmeland utan at ein har fått tikka av vår store stoltheit, spektakulære Skomakernibbå. Fjellformasjonen går 700 meter rett over Jøsenfjorden og byr på fabelaktig utsikt over fjord og fjell.

Sagnet fortel at ein skomakar som vart dømt til døden, vart benåda på vilkår av at han skulle sitte på ytterste spiss av dette fjellet og sy eit par sko. Han takka ja til jobben og gjekk langs den smale eggen heilt til topp. Då han greip hammaren og skulle til å slå i siste nagle, såg han eit brudefølge som rodde utover fjorden. Han vart svimmel, mista balansen og falt ned. Denne tragiske hendinga ga namnet til Skomakarnibbå.

Turen startar på Hagalid (rv. 13 til Hjelmeland – retning Vormedalen).

Kodejakt 2020

Skomakernibbå er den best kjende fjellformasjonen i Hjelmeland, men me vil raust anbefale fleire fjellturar i naturen vår. Faktisk har me så mykje vakker natur at me har samla turane våre i eit årleg konsept, kodejakt. Målet er å samle kodar frå opptil 11 turar i kommunen, og kor kvar av kodane svarer til eitt lodd. Kodejakta er eit tilbod til deg som er glad i friluftsliv, som likar spenstige utfordringar og som gjerne tek imot moglegheita til å vinne flotte premiar som bonus.

Foto: Hjelmeland kommune

Kodejakta går heile sommaren, og me syns det er ekstra kjent når også turistar deltek i jakta.

Rusletur i Nordbygda

For å avslutte det vi håpar at blir eit flott opphald i Hjelmeland, anbefaler me å avslutte med ein rundtur til fots i Hjelmelandsvågen. Her har me samla masse informasjon om både kulturen og historia vår, om hendingar, verksemder og bygg.

Me blir glade når me får ta del i dei sommarminna som blir skapte i Hjelmeland. Bruk gjerne hashtagen #hjelmelandnaturlegvis når du del bileta dine på Instagram.

FOTO: JAN S. GRIMSTAD

Me håpar å sjå deg i Hjelmeland i sommar!

Utforsk mer
Norgeskart